ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

📍 Voss Helse og sosial
Ass.rektor Gullfjordungen skule
Voss herad Gullfjordungen skule

Stillinga som ass.rektor er delt mellom 50 % leiing og 50 % undervisning

Vikariatet gjeld frå 01.08.2026 til 01.05.2027, med moglegheit til forlenging fram til sommar 2027

Gullfjordungen skule er ein barneskule for 1-7.
klasse, med 153 born og 23 tilsette.  Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida.
Du kan lesa meir om skulen her: Gullfjordungen skule - Voss herad

Assisterande rektor er rektor sin næraste samarbeidspartnar og er vikar ved behov.
Assisterande rektor har ansvar for ulike trinn, arbeider for eit godt skule- og klassemiljø, og er med å skapar retning i skulen sitt utviklingsarbeid.
Me søkjer ein skuleleiar som kan medverka til å vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon. 

Me tilbyr

  • Ein spanande stilling med moglegheit for utvikling i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • Ein skule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personale og økonomi
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitetsnivå
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

  Arbeidsoppgåver:

  • Vera vikar for rektor og avlasta rektor med administrative oppgåver, inkludert personaladministrasjon
  • I samarbeid med rektor:
    • leia og vidareutvikle skulen sitt profesjonsfellesskap
    • leia det pedagogiske utviklingsarbeidet
    • fylgja opp resultat frå kartleggingsprøvar
    • leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane
    • sikra god elevmedverknad, samt eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
    • fylgja opp heradet sine satsingar og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

 Personlege eigenskapar:

  • høg arbeidskapasitet, er fleksibel og engasjert
  • fagleg oppdatert og arbeider for å nå gode resultat 
  • inspirerer, involverer og er tydeleg på skulen sitt oppdrag
  • god på å byggja relasjonar 
  • god munnleg og skriftleg framstilling
  • god digital kompetanse

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt.
Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista.
Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Livet er meir enn arbeid.
På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt.
Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest.
Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette.
Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Geili 8
5704 Voss
Norge
Steinar Rygg
📞 +47 91874207
epost
Publicerad: 09 juni 2026
Heltid
Vikariat
Ansök senast 23 juni 2026