Vil du vera med å gjera ein skilnad for andre? Me har no ledig eit vikariat med våkande nattevakter i omlag 100% stilling frå 01.07.26 til 31.07.2027
Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter.
Det er 3 avdelingar i tilrettelagte tenester.
To av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eininga tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid.
Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov.
Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Kva får du jobba med hos oss?
- Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukarenes behov
- Fagarbeidar jobbar i team med miljøterapeutar og assistentar
- Arbeidet er turnus med våkande nattevakter og arbeid kvar tredje helg.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Med vår eigen helgeavtale kan du tenes ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter-meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Eigen studentavtale for studentar innan helse og sosialfagleg utdanning
- Gratis parkering
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Me ser etter deg som har eit fagbrev som helsefagarbeidar eller som barne- og ungdomsarbeidar.
Studentar fortrinnsvis innan helse- og omsorg oppfordrast også til å søkje.
Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav. - Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tilstredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt.
Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg.
Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju.
Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak.
Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk her
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda.
Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad.
Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv.
Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet.
Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv.
Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare.
Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt.
Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.