Prenumerera
Genom att ange er mailadress nedan accepterar ni att få marknadsföringsmail av oss
Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.
Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige
Eining helse og meistring har no ledig ei fast stilling i 100 prosent som sjukepleiar, for tida ved Jamnetunet bu- og behandlingssenter avdeling Vaksdal sjukeheim for personar med demens.
Vaksdal sjukeheim har 30 langtidsplassar, fordelte på to etasjar.
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, heilskaplege tenester og kontinuerleg utvikling.
Som sjukepleiar/vernepleiar i kommunehelsetenesta møter du pasientar med samansette behov.
Dette gir ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi legg stor vekt på kompetanseheving, og internundervisning er ein fast og viktig del av arbeidet vårt.
Vi ønskjer å leggje til rette for at alle tilsette skal få utvikle seg fagleg.
Er du sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeide, trur vi du vil trivast hjå oss.
Vi kan òg tilby langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i.
Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer.
Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga.
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr.
§ 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges.
Prøvetid er 6 mnd.
og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette.
Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.