ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

📍 Suldal Kontor og økonomi
Vil du vere med og utvikle Suldal kommune?
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
 Suldal kommune søkjer ein rådgjevar i 100 % fast stilling til eininga organisasjon og innbyggarkontakt.
Eininga består av 12 tilsette som jobbar med merkantile oppgåver og støtte innan helse og oppvekst, arkiv, politisk sekreteriat, HR, kommunikasjon og utviklingsarbeid.
Me ønskjer oss ein kollega som er nysgjerrig, engasjert og har lyst til å vere med å forme korleis kommunen jobbar – både i dag og i framtida.
Hjå oss får du ein variert kvardag med oppgåver som spenner frå utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av einingar, til meir konkrete driftsoppgåver.
Me ser etter deg som likar å lære nye ting, som trivst med variasjon, og som ønskjer å bidra til gode tenester for innbyggarane våre.
Du må vera glad i digitalisering og ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg.
 
Om stillinga
Som rådgjevar blir du ein del av eit breitt fagmiljø innan organisasjon og innbyggarkontakt.
Du vil samarbeide tett med andre rådgjevarar, og ha kontakt med ulike einingar i kommunen.
Som rådgjevar er det forventa at du skal kunne rådgjev andre og kunne jobbe godt sjølvstendig.
Du skal ha eit ekstra blikk på utviklingsarbeid.
Arbeidskvardagen vil vere variert, og kan innehalde:
  • Deltaking og leiing av ulike prosjekt og utviklingsarbeid, med blant anna digitalisering
  • Samarbeid i ulike team, til dømes rekrutteringsteam
  • Bidrag til utvikling av organisasjonen og tenestene våre
  • Støtte organisasjonen i arbeidet med ekstern og intern kommunikasjon og informasjonsdeling
  • Kunne skrive saksframlegg til politisk handsaming
I tillegg vil du ha nokre meir faste driftsoppgåver, til dømes:
  • Arkiv og postføring
  • Handsaming av skjenkjeløyve og kulturmidlar
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg over tid – hjå oss er det viktig at me jobbar saman for å finne gode løysingar der behovet er størst.
 
Kven er du?
Du treng ikkje kunne alt frå før – men me trur du vil trivast hjå oss dersom du:
  • Er nysgjerrig og open for å lære nye ting
  • Har interesse for digitale verktøy og utvikling av arbeidsmåtar
  • Likar å setje deg inn i nye oppgåver
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe saman med andre, samstundes som du også er sjølvgåande
Det er fint om du har erfaring frå noko av arbeidet me gjer, til dømes:
  • Prosjektarbeid eller prosjektleiing
  • Offentleg forvaltning
  • Kommunikasjon
  • Digitalisering
Du må ha relevant høgare utdanning.  Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend i Noreg.
Du må ha bestått norskprøve på nivå B2, både skriftleg og munnleg.
Me ønskjer deg som er motivert for denne stillinga,  og personleg eignaheit blir vektlagt.
 
 
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss får du:
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Moglegheit til å påverke korleis kommunen utviklar seg
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Gode samarbeid på tvers av fag og einingar
  • Moglegheit til å utvikle deg både fagleg og personleg
 
Vil du vite meir om oss? Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår.
Har du spørsmål, ta kontakt med Bente på 41 49 32 30 og les meir om
Slik søkjer du:
Søknadsfristen er måndag 22.juni
Send søknaden elektronisk via kommunen si nettside.
Me gler oss til å høyre frå deg – velkommen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her
Om Suldal kommuneSkattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar.
I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar.
Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter, du kjem frå 0 til 1000 meter over havet på 40 minutt.
Det er flotte merka turløyper i heile kommunen, skianlegg på Gullingen og eit aktivt båtliv.
Me har aktive og gode lokalmiljø, koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv.
Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand.
Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad.
I grendene er det mykje aktivitet i form av kultur arrangementer og ein befolkning som er oppteken av å utvikle grendene våre.
Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk.
Suldal kommune er i stadig utvikling og har eit stort arbeid på gang for å bli ein LEAN-kommune.
Eidsvegen 7
4230 Suldal
Norge
Bente Tednes Gjil
📞 +47 41493230
epost
Publicerad: 09 juni 2026
Heltid
Fast
Ansök senast 22 juni 2026