ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

📍 Sør-Fron Utdanning
Barnehagemedarbeidar
Sør-Fron kommune

Det vil frå 12.08.2026 - 30.06.2027 bli ledig eit vikariat som barnehagemedarbeidar i Liene barnehage.

Sør-Fron kommune har to kommunale barnehagar, Liene og Harpefoss, med fire og tre avdelingar for barn 0-6 år.  

Søknadsteksten vil bli tillagt stor vekt ved utveljing til intervju.  

Alle søknadar skal sendast via rekrutteringssystemet på Sør-Fron kommune sine heimesider.
Søknadar skal ikkje sendast som e-post.
Det bes om at dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring blir lagd ved søknaden.  


Arbeidsoppgåver

  • støtte og veilede barn i å danne vennskap og å vise omsorg for kvarandre. 
  • delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet i det daglege.
  • vere bevisst på og bidra til eit godt språkmiljø i barnehagen. 
  • samarbeide med andre tilsette. 
  • halde seg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og planleggingsdagar. 
  • bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø. 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar.  
  • Anna relevant utdanning kan kompensere for manglande fagbrev.   

Politiattest, jf.
barnehagelova § 30, må leggast fram ved tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden. 

Personlege eigenskapar

  • motiverande, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, ute og inne. 
  • vere den trygge vaksne som gir barn forutsigbarheit, varme og omsorg. 
  • ha evne til å utforske og undre seg saman med barn. 
  • gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse.  
  • godt humør og positivt menneskesyn.  

    Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. 

Vi tilbyr

  • eit profesjonelt fellesskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i barnehagemiljøet 
  • eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette samarbeider  

Tilsettinga er etter vilkår av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 

Sør-Fron kommune søker også etter vikarar på tilkalling til barnehage og skule.
Sjå eigen annonse på kommunen sine heimesider.  

Kontaktinformasjon

Mette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, 97 71 94 41

Arbeidssted

Kommunevegen 1
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 5143269446
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 19.06.2026

Kommunevegen 1
2647 Sør-Fron
Norge
webbsida: sor-fron.kommune.no
Mette Gjefsen
Styrer Liene barnehage
📞 97 71 94 41
Publicerad: 09 juni 2026
Heltid
start: 2026-08-12
Vikariat
Ansök senast 19 juni 2026