Prenumerera
Genom att ange er mailadress nedan accepterar ni att få marknadsföringsmail av oss
Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.
Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på Sundheimen ?
Sundheimen søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som vil vere med og forme framtida for eldreomsorga.
Er du engasjert og ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar.
Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette.
For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester.
Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med totalt 54 senger.
Det er somatisk- , demensavdeling og heildøgns omsorgsbustader.
Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar.
10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen.
Brukarane er i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Vi har eige produksjonskjøken og service assistentar som bidreg i avdelingsarbeidet.
Vi har frivillige som hjelper oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn etc.
Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø.
Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Stillingane inngår i årsplan med arbeid dag /kveld og 16 helger pr år.
Ved ønskje om større stilling kan timebank bli vurdert.
Vi har ledige vikariat helsefagarbeidarstilling inntil seks månader.
Assistent med erfaring frå Sundheimen kan bli vurdert dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar.
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar : Glenn Bjærum , 56160400 /90076112
- Glenn.Bjarum@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det.
Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.