ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

Osterøy kommune
📍 Osterøy Helse og sosial
Besøksheim kvar 4.helg
Osterøy kommune

Om stillinga

  • Avlasting er eit tilbod til familiar som har særlig tyngende omsorgsarbeid.
    Avlastninga skal gjere det mogleg for omsorgsytarane å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og gi moglegheit for nødvendig, og regelmessig fritid og ferie.
    Som avlaster bidrar du til å hindre overbelastning for omsorgspersonane.
    Din heim skal være ein trygg og god stad der barn og unge kan være ein del av det vanlege familielivet.
    Det er viktig med forutsigbarhet, tryggleik og omsorg. 
  • Osterøy kommune søkjer etter besøksheim for eit barn på 7 år.
    Du vil ta i mot barnet i din eigen heim kvar 4.helg, fredag til mandag, 48 timar

Arbeidsoppgåver

  • Gje eit godt omsorgstilbod i 48 timar kvar 4.helg. 
  • Delta i aktivitetar saman med ungdommen. 
  • Sørge for eit trygt, sosialt og hyggelig opphald

Kvalifikasjonskrav

  • Du må være stabil og ansvarlig.
    Kunne tilby eit trygt og godt miljø i besøkshelgene. 
  • Du må kunne sette grenser og ha eit åpent sinn. 
  • Det er viktig at du som avlastar tenker deg godt igjennom kva du har kapasitet til, og at du kan binda deg over tid. 
  • Avlastar og alle over 18 år i husstanden må framleggja gyldig politiattest. 
  • Det er ønskelig med førerkort og disponering av eigen bil.

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande lover og reglar 
  • Oppfølging og veiledning ved behov
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen.
Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap.
Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.
Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt.
I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
 

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri.
Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring.
Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre.
Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
 

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar.
Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
 

Geitaryggen 8
5282 Osterøy
Norge
webbsida: osteroy.kommune.no
Tone Drevsjø
avdelingsleiar
📞 +4793424017
epost
Publicerad: 09 juni 2026
Deltid
Fast
referens: https://jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/303513
Ansök senast 06 juli 2026