ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

📍 Alver Kontor og økonomi
IPS- jobbspesialist
Nav Alver // regionkontor Nordhordaland

Blir du motivert av å jobbe med menneske, har trua på at alle menneske trass i psykiske utfordringar kan ta utdanning eller få og behalde ein vanleg jobb? Om du ønsker å bidra på eit svært viktig samfunnsområde, kan en stilling som jobbspesialist vere noko for deg.

Nav region Nordhordland søker ein motivert person med stort pågangsmot som IPS - jobbspesialist.
Individuell jobbstøtte (IPS) er ein metode for tett oppfølging av personar med psykisk helse- og ruslidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand.
Målet er å leggje til rette for at menneske med psykiske helse- og rusutfordringar skal få, behalde og stå i ordinært arbeid eller utdanning.
Du vil bli tilsett i Nav Alver og inngå i Nordhordland sitt IPS-team, som igjen vil vere ein del av fagmiljøet ein har for IPS i Nav Vestland.
Du vil ha tilhørighet til og kontorstad på avdeling psykisk helse og rus i Knarvik når du ikkje er ute i møter eller på jobbutvikling.

Det er viktig at du trur at alle menneske kan få og behandle ein vanleg jobb til tross for psykisk helse- og rusproblem, kulturell bakgrunn eller andre utfordringar.
I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.


Kva går jobben ut på?

  • du vil nytte IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og arbeidsgjevarar/studiestad
  • dette inneber at du oppsøker arbeidsgjevarar og driv aktiv jobbutvikling hos arbeidsgjevar, skaper dialog og bygger nettverk ute i lokalmiljø
  • mykje av arbeidstida går ut på å ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
  • du vil følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning eller jobb
  • rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen mot arbeid
  • engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestad, arbeidsgjevar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar 
  • bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
  • dokumentere arbeidet i fagsystem

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet.
    Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå å jobbe med menneske i ulike livsfasar
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har

  • erfaring med Individuell jobbstøtte/Supported Employment eller god kjennskap til prinsippa i desse metodikkane
  • erfaring frå å jobbe med inkluderande rekrutteringsarbeid
  • vilje til oppsøkande verksemd og nettverksbygging i arbeidsmarknaden
  • kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helse- og rusutfordringar

Kva ser vi etter hos deg?

  • du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar
  • du er god til å motivere og inspirere
  • du kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
  • du er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon
  • du trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat

Kvifor velje oss

  • moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig  samfunnsoppdrag
  • spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • eit godt fagmiljø som er opptekne av tenesteutvikling og ambisiøse mål
  • opplæring, kurs og kompetanseheving
  • gode og inkluderande kollegaer i eit godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
  • fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr.
    622 000 - 640 000 per år.
    For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

https://www.arbetsannonser.se/sok-jobb-i-nav#ansattgoder

Kontaktinformasjon

Karen Sofie Aasmyr, Avdelingsleiar, 900 13 845, Karen.Sofie.Aasmyr@arbetsannonser.se

Arbeidssted

Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5141412806
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026


Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav.
Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen.
Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

arbetsannonser.sestilling

Kvernhushaugane 2
5914 Alver
Norge
Karen Sofie Aasmyr
Avdelingsleiar
📞 900 13 845
epost
Publicerad: 09 juni 2026
Heltid
Fast
Ansök senast 23 juni 2026