ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

📍 Sunnfjord Helse og sosial
Saksbehandlar Behandlingshjelpemiddel
Medisinsk heimebehandling, Helse Førde

Medisinsk heimebehandling (MEDHB) har ledig 40% midlertidig stilling som saksbehandlar.
Vi er organisert som ein seksjon under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) i Medisinsk klinikk.

Vi er eit tverrfagleg miljø på 10 personar som held til på sentralsjukehuset i Førde.

I Sogn og Fjordane er det omlag 7000 pasientar som får medisinsk heimebehandling.
Seksjonen har som hovudoppgåve å koordinere heimebehandlinga, som ei forlenging av behandlinga i sjukehuset.
Vi er samansett av roller som sakshandsamar, medisinsk teknisk, logistikk og transport, og jobbar tett med dei kliniske avdelingane i sjukehuset.

Det er ledig 40% stilling som saksbehandlar til 31/12-2026.
Det er moglegheit for forlenging eller fast stilling.


Arbeidsoppgåver

  • Behandle søknadar om behandlingshjelpemiddel
  • Svare pasientar på telefon og elektronisk
  • Fylle ut leveringsordrar
  • Samhandle internt med medisinteknikarar og ambulant team
  • Stillinga vil krevje kommunikasjon og samhandling med helsepersonell og pasientar
  • Arbeidsoppgåvene kan bli endra etter behov i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Du er sjukepleiar, men anna relevant utdanning og erfaring kan kompensere for dette kravet
  • Du er godt vand med bruk av PC, og set deg lett inn i nye datasystem
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Du taklar eit tidvis høgt tempo
  • Du er god på kommunikasjon
  • Jobben inneber tidvis tunge løft
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til å delta i utvikling av den samla tenesta 
  • Full opplæring i bruk av våre dataløysingar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Rune Kirkebø, Seksjonsleiar, +47 952 49 405

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5142876937
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 22.06.2026


Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer.
Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a.
kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.
Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Svanehaugvegen 2
6812 Sunnfjord
Norge
webbsida: helse-forde.no
Rune Kirkebø
Seksjonsleiar
📞 +47 952 49 405
Publicerad: 09 juni 2026
Deltid
start: 2026-08-01
Engasjement
Ansök senast 23 juni 2026