Prenumerera
Genom att ange er mailadress nedan accepterar ni att få marknadsföringsmail av oss
Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.
Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige
Vil du bidra til at elevane ved Orstad læringsenter får ein lærerik kvardag?
Orstad læringssenter har ledig ein fast stilling frå 01.08.2026.
Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon.
Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet.
Orstad læringssenter har no 13 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov.
Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsettingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar. Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledare og pedagogar.
Avdelinga har SFO-tilbod.
Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle.
Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette skal ha eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø.
Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.
Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju. Velkommen til ein spennande arbeidsplass!
Attestar og vitnemål
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette.
Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.