ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

📍 Bergen Helse og sosial
Overlege 
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS)/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF

Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege og psykologspesialist.
Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiatar og ein psykologspesialist.Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene tilpasientgruppa.

Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen.
Klinikkengir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Samla harklinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år.
Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune.
Døgntilbodet er lokalisert påTertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes.
Klinikken omfattar fagområdapsykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS søker etter ein overlege i 100% fast stilling til fagområdetpsykose. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan.
Dette inneber at ein kan arbeideintensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande.
I friperiodane vil det verenoko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing.
Legane styrer sjølve denne arbeidstida.
Klinikkenhar ei kognitiv behandlingstilnærming.
Stillinga er ledig frå 01.12.2026.


Arbeidsoppgåver

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar.
Vi ønsker å styrkespesialistkompetansen ytterlegare.
Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning forspesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking.
Samarbeid med sjukehus, kommunar ogbrukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben

Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:

  • Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPSkonsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut ogerfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
  • Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utandøgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang.
    Poliklinikken /FACT teamet hartotalt 140 pasientar i behandling

Bjørgvin psykose døgnbehandling: 

  • Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personalemed vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
  • Totalt har seksjonen 15 døgnplassar.
    Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege medspesialitet i allmennmedisin og sosionom

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri 
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykose
  • Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
  • Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134

Arbeidsstad

Tertnesvegen 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5143385845
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 24.06.2026


Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.
Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar.
Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Tertnesvegen 37
5113 Bergen
Norge
webbsida: helse-bergen.no
Wenny Karin Bernes
Seksjonsleiar
📞 90980134
Publicerad: 09 juni 2026
Heltid
start: 2026-12-01
Fast
Ansök senast 24 juni 2026