Prenumerera
Genom att ange er mailadress nedan accepterar ni att få marknadsföringsmail av oss
Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.
Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige
Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus.
I senteret er eit mål at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre.
Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarar kan også nytta senteret.
Det kan vere familie, venner, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar.
Senteret skal invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag, pasientorganisasjonar og forskingsmiljø.
No har vi ledig en fast stilling i 20% stilling som Energikonsulent.
Oppstart 17.08.2026.
Ein Energikonsulent skal gje barn og unge tilknytta sjukehuset auka moglegheit for fysisk aktivitet og meistring individuelt eller saman med jamnaldrande.
Primæroppgåva er å møte pasient og føresette i konsultasjon, finne og kontakte aktuelt idrettstilbod i deira nærmiljø og ved behov følge ut i aktivitetstilbodet ei kort periode.
Energikonsulent er eit tilbod på tvers av somatikk og psykiatri, og du må evne å møte barn, unge og vaksne i ein sårbar situasjon.
Periodevis må det påreknast andre oppgåvar innanfor stillingsprosent, og det vil vere mogleg å ta på seg ledige vaktar som basseng- og kinovert.
Du vil blant annet jobbe i team med en koordinator og to andre Energikonsulentar.
Det må påreknast arbeid på ettermiddag/kveld for oppfølging av aktivitetar.
Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding.
Tilstrekkelig med opplæring vil bli gitt.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande.
Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar.
Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.