Prenumerera
Genom att ange er mailadress nedan accepterar ni att få marknadsföringsmail av oss
Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.
Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige
Ål legeteneste har ledig inntil 100 % fastlegeheimel.
Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell.
Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.
Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?
Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.
Om legekontoret og praksisen
Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlegar, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege.
Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu.
Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.
Legekontoret har for god fagdekking i alle medarbeidarstillingar.
Det er moderne lokalar som er godt utrusta til dømes spirometri, ultralyd- apparat, røntgen med videooverføring til Vestre Viken.
Det er CT-maskin ved HSS som kan bidra til rask trombolysebehandling samt eigen dialyseavdeling.
Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.
I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar.
På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid.
Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis.
Fordeling av listelengde og fordeling av kommunale oppgåver blir gjort regelbunden i samarbeidsutvalet.
Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver.
Legevakt
Det er etablert interkommunalt samarbeid med kommunar i Hallingdal og det er tilsett 1 legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane.
Det er eige nye legevaktslokaler som er godt utstyrt i same bygg som legekontoret.
Legevakt er organisert som følgjande:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.
Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.
Me tilbyr
Me ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning.
Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål.
Me hjelper deg å skaffe bustad.
Send søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.