Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Vestland fylkeskommune søkjar etter motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.
Kvalitet i tenestene skjer gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker.
Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar.
Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedomsavdelinga får totalt ca.
370 tilsette.
Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler.
Vi har ledig frå august en 100% fast stilling ved Fagskulen Vestland sine lokaler på Nordnes i Bergen.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.
Vi søkjer primært etter ein personer med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
- Reinhald i regionen ved behov
Kvalifikasjonar
- Reinhaldar med fagbrev innan reinhald og arbeidserfaring
- Relevant arbeidserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy
- Like å jobbe blant ungdom
Vi tilbyr
- spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- Arbeidstid i perioden mellom kl 06.00-17.00
Kontaktinformasjon
Wenche Bratten Myking, Reinhaldsleiar, 94191062, wenche.bratten.myking@vlfk.no
Monica Tennebekk, Områdeleiar, 97571292
Arbeidsstad
Haugeveien 28
5005 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4812120409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2024