Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Etterforskarar innan økonomi- og miljøkriminalitet

Kan du tenke deg ei fast stilling som etterforskar i eit spennande fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet i Molde eller Ålesund?

Hovudoppgåver ved avsnittet er etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og alvorlig miljøkriminalitet.
I tillegg bistår vi i andre saker i politidistriktet som dreier seg om profittmotivert kriminalitet og inndraging av økonomisk utbytte.
Avsnittet har også fagansvar for arbeidslivskriminalitet.
Dette arbeidet blir utført i samarbeid med andre etatar i form av kontrollar, etterretning og etterforsking.
Arbeidspresset er i periodar høgt, og vi jobbar med krevjande og komplekse straffesaker.

Vi ser derfor etter deg med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner som ønsker å bidra aktivt i etterforskinga av dei prioriterte sakene til avsnittet.
Har du også erfaring frå etterforsking, er interessert i å tilegne deg kunnskap om fagfelta som avsnittet arbeider med, og trivast med å jobbe strukturert og analytisk, kan dette vere ei stilling for deg. 

FEFE består av fire seksjonar: Seksjon for Statens barnehus, seksjon for etterretning og analyse, seksjon for førebygging og seksjon for etterforsking.
Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet består i dag av avsnittsleiar og sju medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse.
I tillegg har vi ein bistandsrevisor frå Skatteetaten hos oss.
Vi held til ved politihuset i Ålesund og politihuset i Molde.
Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Taktiske etterforskingsoppgåver innanfor økonomi- og miljøsaker, samt i andre saker som er tillagt avsnittet
  • Ansvar for eiga portefølje
  • Bidra aktivt i tverretatleg arbeid innanfor fagområdet "Arbeidslivskriminalitet" som gjeld førebygging, etterretning og etterforsking
  • Pårekne presentasjon av eige arbeid internt/eksternt medrekna i retten
  • Bidra til at dei faglege oppgåvene som er lagt til seksjonen blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre einingar.
    Dette inneber også bruk av ulike typar tvangsmiddel, herunder gjennomføre pågriping, ransaking og beslag
  • Andre oppgåver tildelt av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule.
    Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema 
  • Norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode IT-kunnskaper og beherskar Excel
  • Må pårekne å ta relevant vidareutdanning innan fagfeltet
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet.
    Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf.
    politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
    Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Kompetanse og erfaring med taktisk etterforsking
  • Vidareutdanning frå Politi(høg)kolen innan finansiell etterforsking eller innan etterforsking av miljøkriminalitet
  • Anna vidareutdanning innan etterforsking
  • Erfaring frå etterforsking av økonomi- eller miljøsaker
  • Anna relevant sivil utdanning innan fagfeltet økonomi og/eller miljøfeltet eller andre relevante utdanningar
  • Erfaring innan fagfeltet økonomi og/eller miljø
  • Erfaring med tverretatleg arbeid
  • Digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert, god til å sjå moglegheiter, tar initiativ og engasjerer
  • Strukturert og analytisk med høg arbeidskapasitet
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.
Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1  (stillingskode 1461/1459/1457) Tilsetjing er avhengig av kompetanse,jf.
    kompetansekriteriene for politibetjenter
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr.
    635 400
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr.
    509 300 - kr.
    565 900
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr.
    487 700 - kr.
    532 200
  • Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet
  • For særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode 0287 politioverbetjent og høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnustjeneste
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP.
    Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån.
    Les meir om tilsettgoda dine på www.spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Ole Ivar Nybø, Avsnittsleiar, 48887235

Arbeidsstad

Strandgata 2
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4808977858
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.05.2024

FEFE - Avsn.for etterforskn.av øk/miljø., Møre og Romsdal politidistrikt


Strandgata 2
6415 Molde
Norge
webbsida: politiet.nojobb
antal lediga platser: 2
publicerad: 2024-05-07
Etterforskarar innan økonomi- og miljøkriminalitet
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-22
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se