Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Fagarbeidar skule

Om stillinga

Samnanger ungdomsskule har ledig to faste stillingar, begge på 72 %, som fagarbeidar.
Den eine stillinga er ledig frå 1.august 2024,  og den andre frå 1.
oktober 2024.
Det kan lagast avtale med Samnanger barneskule om eventuelt utvida stilling i SFO dersom dette er ønskeleg.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera å hjelpe enkeltelevar/grupper som treng tilrettelegging i tett samarbeid med lærar.
Ein må kunne etablere gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer, og bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit tryggt og godt læringsmiljø.


Kvalifikasjonar

Krav

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning innan helse og omsorg
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjer

  • Erfaring med ungdomsarbeid
  • Arbeidserfaring med barn med særskilde behov vil vera ein fordel
  • Har interesse for fysisk aktivitet og praktisk arbeid

Personlege eigenskapar

Me ønsker ein god relasjonsbyggar og ein trygg vaksen som ser den enkelte eleven.
Du er strukturert og ein tydeleg medarbeidar med gode evnar til å kommunisere og som er glad i å jobbe med ungdomar.
I tillegg til formell kompetanse, legg ein stor vekt personlege eigenskapar: Engasjement, fleksibilitet, samarbeid og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.


Me tilbyr

  • Ein innhaldsrik og utfordrande kvardag saman med flotte elevar og dyktige kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles.
Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent.
Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning.
KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Om oss

Samnanger ungdomsskule er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.
Skulen har nydeleg utsikt og kort veg ut i naturen.
Skulen har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål.
Me ynskje å sjå engasjerte elevar og kollegaer i praksis.
Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.

Nøkkelord: Tett samarbeid heim-skule, vår skule, våre elevar


Samnanger kommune


Tyssereinane 16
5650 Samnanger
Norge
webbsida: samnanger.kommune.no
antal lediga platser: 2
publicerad: 2024-05-07
Fagarbeidar skule
Deltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262590
sista ansökningsdag: 2024-05-26
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se