Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Fagkonsulent

Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal søkjer etter vernepleiar, evt.
andre med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning og relevant vidareutdanning.
Seksjonen har 21 tilsette, med mange erfarne vernepleiarar, fysio- og ergoterapeutar, barnevernspedagog, spesialpedagog, sosionom, psykologar, lege og helsesekretær.
Til saman utgjer vi eit interessant, engasjert og robust tverrfagleg miljø.

Hos oss får du arbeide med komplekse problemstillingar der spisskompetanse frå fleire ulike fagfelt er naudsynt.
Typiske pasientgrupper er personar med utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, multifunksjonshemming, kroniske sjukdomar, tidlig erverva hjerneskader, genetiske syndrom og nevrodegenerative tilstandar. 

Seksjonen arbeidar kontinuerleg med kompetanseheving og kvalitetsutvikling, og er opptatt av å sikre spesialisering og fagleg fordjupning for kvar enkelt medarbeidar. 

Vi har lokala våre på Årø i Molde og i oktober flyttar vi inn til nye lokaler, SNR på Hjelset.
Vi gir både eit poliklinisk og ambulant tilbod og du får mogelegheit til å bli kjend med mange flotte stader og personar i Nordmøre og Romsdal.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/ kartlegging
  • Iverksetting og oppfølging av ulike tiltak knytta til behandling og tilrettelegging
  • Pasient- og pårørandeopplæring
  • Rettleiing, rådgjeving og undervisningsoppgåver
  • Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag
  • Relevant vidareutdanning.
    Andre kan og søke, men må forplikte seg til å ta vidareutdanning
  • Erfaring med målgruppa generelt, både med kartlegging og tiltaksplanlegging
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
  • Kunnskap om og erfaring frå oppfølging av Helse- og omsorgstenestelova kap.
    9, om tvang og makt
  • Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Må ha førerkort klasse B  

Personlege eigenskapar

  • Kunnskapssøkande og sjølvstendig
  • Evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Har ein strukturert arbeidsform
  • God evne til samarbeid på tvers av profesjonar

Vi tilbyr

  • Eit bredt og spanande fagfelt i utvikling
  • Dyktige kollegaer i eit reflekterande miljø
  • Gode mogelegheiter for eigen fagleg utvikling og fordjupning
  • Deltaking i relevante regionale og nasjonale fagnettverk
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Opplev ville ogvakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz iMolde og jugendarkitektur i Ålesund.
Regionen har et rikt kultur- og konsertlivmed både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eitframoverlent næringsliv.
Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.no

Arbeidsstad

Eikremsvingen 2 D
6422 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4803266191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2024

Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF


Eikremsvingen 2 D
6422 Molde
Norge
webbsida: helse-mr.no
publicerad: 2024-05-07
Fagkonsulent
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-29
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se