Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

Resepsjon- og Bookingmedarbeidar


Resepsjon- og Bookingmedarbeidar, fast 100% stilling.

Kan du tenke deg ein ny og spanande kvardag?
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest spanande
reiselivskonsepta i landet med hotell, bryggeripub, kafè og restaurant.
No har DU sjansen til å verte del av vårt dyktige team i resepsjon- og bookingavdelinga
som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta til Flåmsbrygga.

Vi søker deg som:
- Har erfaring frå serviceyrket – helst frå hotell / resepsjon.
  Du har gjerne også erfaring med bookingsystem som Hotsoft, CityBreak og BookVisit.

- Trivst i eit hektisk miljø.

- Er fleksibel, arbeidsam og strukturert.

- Har gode evner til å kommunisere.

- Pratar og skriv eit skandinavisk språk i tillegg til engelsk.

Din personlegheit reflekterer følgande:

- Utadvendt, entusiastisk og godt humør.

- Ung til sinns.

- Uformell og audmjuk – men profesjonell.

- Arbeidar godt individuelt – men er ein lagspelar.

- Serviceinnstilt med ei "ja, det fiksar vi!"-innstilling.

- Likar mennesker og vil gi det "lille ekstra" for at gjestene skal trivast best mogleg hjå oss.

Som Resepsjon- og bookingmedarbeidar vil du ha følgande arbeidsoppgåver:
- Inn- og utsjekk.

- Betene sentralbord for heile Flåmsbrygga.

- Sal og meirsal.

- Gjesteservice.

- Skreddarsy hotellopphald og pakkar for individuelle gjester samt arrangement for grupper.

- Booking av hotellopphald, arrangement, aktivitetar og bordreservasjonar for individuelle
  gjester og grupper via e-post og telefon.

- Klargjering av møterom og teknisk utstyr, samt ivareta møtevert-funksjonen for
  møtegrupper.

- Ivareta resepsjonen sin funksjon som hjarta i bedrifta.

- Fakturering.

- Nattevakt.

- Forefallande arbeid.

Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av
mat og drikke.

Vil du søke på stillinga?

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.

Send søknad med CV til Jannike Iren Skjerdal, resepsjonssjef.
Telefon: +47 57 63 20 52
E-post: resepsjonssjef@flamsbrygga.no

Søk her

Om arbeidsgivaren:
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest spanande
reiselivskonsepta i landet.
Konseptet Flåmsbrygga omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub,
Furukroa Kafé og Flåmstova Restaurant.
Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Fjord Resort og Mall of Norway.

Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med
attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline,
Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir.
Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som ein av
dei leiande aktørane i området bidrar Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling og held ope
året rundt.

Flåmsbrygga har tre driftsbygningar, fire hybelhus, to områder for utservering samt
grøntareal.

Flåmsbrygga Hotell AS

A-Feltvegen 25
5743 FLÅM
Norge
webbsida: flamsbrygga.no
publicerad: 2025-04-04




Källa: ArbetsAnnonser.se