Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

SOMMERJOBB I FLÅM, NORGE?


Flåm er største reiselivsmål i Norge utanom dei store byane, og kan skilte med attraksjonar
som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline, Stegastein
Utsiktspunkt og mykje meir.

Vi på Flåmsbrygga har for sesongen 2025 fleire ledige stillingar, Flåmsbrygga omfattar
Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafé og Flåmstova
Restaurant.
Kan du tenke deg ein kvardag i ei idyllisk bygd ved fjorden der du kan padle kajakk eller gå
på topptur før eller etter jobb?
Freistar det?
I så fall er dette ein moglegheit du ikkje vil gå glipp av!

Kokk
Våre tre serveringsstader treng kokkar som brenn for matlaging og ønsker å jobbe med vår
matfilosofi: det skal vere Ægir-øl i og til maten.
- Har relevant utdanning og / eller relevant erfaring.
- Tilbrede mat til lunsj og middag i følgje meny og etter gjestenes preferanse.
- Er fleksibel og arbeidsam.
- Likar å jobbe i eit uformelt og fleirkulturelt team.

Kafémedarbeidar / kjøkkenassistent Furukroa Kafé
Furukroa Kafé servere lunsj- og middagsrettar til lokale og internasjonale gjester året rundt.
Kaféen er fargerik, moderne og hyggeleg med flott utsyn over brygga og fjorden.
- Betjene kunder i kassapunkt.
- Tilberede både varm og kald mat samt påsmurt / kaker.
- Rydde, vaske og etterfyll av varer.
- Stengerutiner samt oppgjer av kasse.

Servitør i Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub
Flåmstova Restaurant tilbyr ein rikhaldig lunsjbuffet og middag Á la carte med ein klassisk
og elegant middag i sommarsesongen.
Ægir BrygeriPub tilbyr ein unik kulinarisk oppleving av lokalt øl og mat med lunsj og
middag Á la carte.
- Halde frukost for hotellets gjester (gjeld Flåmstova Restaurant).
- Servere lunsj og middag til grupper og individuelle gjester.
- Arbeide med kassasystem.
- Handtere bordbestillingar.
- Klargjere arrangement mm.

Oppvask
Vi søker etter oppvaskarar til våre restaurantar - Flåmstova og Ægir BryggeriPub, samt
Furukroa Kafé.
- Oppvask.
- Reinhald av maskiner og utstyr.
- Rydding og bistå med andre oppgåver ved behov.

Vi ser etter deg som:
- Er over 18 år grunna skjenking av alkohol.
- Har relevant erfaring.
- Snakkar eit skandinavisk språk og/eller engelsk.
- Er utadvent og engasjert med godt humør og god servicehaldning.
- Trivst med hektiske arbeidsdagar, er arbeidsam og fleksibel.
- Vil jobbe dag, kveld og helger etter skiftplan.

Tiltredelse etter avtale og opplæring.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av
mat og drikke.

For utfyllande informasjon om stillingane, sjå vår webside:
https://www.flamsbrygga.no/om-oss/ledige-stillingar

Vil du søke på stillinga?
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.
Send søknad med CV direkte til oss.

Søk her:
https://www.flamsbrygga.no/om-oss/ledige-stillingar

Kontaktperson:
Erik Walter Vold, Driftsleiar
Telefon: +47 57 63 20 66
E-post: drift@flamsbrygga.no

Om arbeidsgiveren:
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest spanande
reiselivskonsepta i landet.
Konseptet omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa
Kafè, Flåmstova Restaurant samt møte- og selskapslokale.
Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Fjord Resort og Mall of Norway.

Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med attraksjonar
som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline, Stegastein
Utsiktspunkt og mykje meir.
Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som ein av
dei leiande aktørane i området bidrar Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling og held ope
året rundt.

Flåmsbrygga har tre driftsbygningar, fire hybelhus, to områder for utservering samt
grøntareal.

Flåmsbrygga Hotell AS

A-Feltvegen 25
5743 FLÅM
Norge
webbsida: flamsbrygga.no
publicerad: 2025-01-29




Källa: ArbetsAnnonser.se