Vi ser etter DEG som vil jobbe som kokk i populære Flåmstova Restaurant og
Furukroa Kafé.
Flåm er eitt av Noregs mest populære reisemål, lokalisert i det spektakulære
verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden.
Her finn du eit stort og breitt utval aktivitetar og opplevingar!
Konseptet Flåmsbrygga omfattar hotell og tre serveringsstader, og er søsterbedrift
til Ægir Bryggeri.
Ægir er den raude tråden på Flåmsbrygga både i design, arkitektur og smakar.
Vår matfilosofi er at det skal vere Ægir-øl i og til maten.
Vi ser etter deg som:
- Brenn for matlaging.
- Har relevant utdanning og/eller relevant erfaring.
- Fordel at du snakkar snakkar eit skandinavisk språk og/eller engelsk.
- Har kunnskap om matallergiar.
- Er fleksibel og arbeidsam.
- Likar å jobbe i eit uformelt og fleirkulturelt team.
- Vil jobbe dag, kveld og helger etter skiftplan.
Som kokk vil du mellom anna ha følgjande oppgåver:
- Følgje interne rutinar.
- Riktig handtering av matvarer, maskiner og verktøy.
- Tilbrede varm mat til lunsj og middag i følgje meny og etter gjestenes preferanse.
- Oppretthalde høg standard på service til einkvar tid.
- Arbeide effektivt og nøyaktig i travle periodar.
Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt
utval av mat og drikke.
Vil du søke på stillinga?
Send søknad med CV direkte til oss.
Søk her
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.
Kontaktperson:
Erik Walter Vold, Driftsleiar
Telefon: +47 57 63 20 66
E-post: drift@flamsbrygga.no
Om arbeidsgivaren:
Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga – eit av dei mest
spanande reiselivskonsepta i landet.
Konseptet omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub,
Furukroa Kafè, Flåmstova Restaurant samt møte- og selskapslokale.
Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Ægir Bryggeri AS og FjordSafari Norway
AS.
Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med
attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm
Zipline, Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir.
Flåm er no ein heilårsdestinasjon med fokus på auka aktivitet om vinteren, og som
ein av dei leiande aktørane i området bidrar Flåmsbrygga aktivt i reisemålsutvikling
og held ope året rundt.