Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Driftsoperatør veg - og grøntanlegg

 

Sogndal kommune har ledig 100 % fast stilling ved teknisk driftsavdeling for veg- og grøntanlegg.
 

Stillinga har oppmøtestad i Sogndal.
Det må påreknast arbeid i andre delar av kommunen ved behov. Reise vil normalt skje i arbeidstida. 

  

Arbeidsoppgåver: 

  • Arbeidet vil i hovudsak vere drift og vedlikehald av kommunale vegar, kaiar, park, - grønt, - og friluftsområde samt parkeringsanlegg. 
  • Maskinarbeid.

  • Vera ein del av vintervedlikehald med beredskap i vinterhalvåret. 

  • Vera ein del av eit team som vedlikeheld parkar og grøntanlegg i sommarhalvåret. 

  • Arbeid innanfor andre tekniske område i kommunen ved behov. 

  • Samarbeid med andre kommunale avdelingar. 

  

Kvalifikasjonar: 

  • Maskinførar med fagbrev.
    Relevant kompetanse kan erstatta fagbrev. 

  • Det er krav om førarkort klasse BE og T.
    Ynskjeleg med utvida førarrett for klasse  og C1 og C.

  • Må kunne handtere administrative IT-verktøy og office appar slik som word, excel, teams etc.

  • Må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg. 

  • Det er ynskjeleg med anna erfaring/ utdanning/ fagbrev som f.eks anleggsarbeidar, snekkar, anleggsgartnar/ gartnar osv 

  

Personlege eigenskapar: 

  • Positiv 

  • Initiativrik 

  • Sjølvstendig 

  • Ansvarleg 

  • Du må like å jobbe ute. 

  

Jobben er både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel.  

  

Me tilbyr:  

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver.  

  • Moglegheit for å kunne påverke eigen arbeidsdag.  

  • Gode kommunale pensjons- og forsikringsordningar.  

  • Gode velferdsordningar.  

  • Løn etter tariffavtale.  

  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles.
Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Sogndal kommune Veg og grøntanlegg


Parkvegen
6856 Sogndal
Norge
publicerad: 2024-05-07
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-06-02
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se