Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar

Om stillinga

Vi søkjer etter sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus.
I utgangspunktet er dette arbeid kvar 3.
helg, men om du ønskjer kan det  vere mogleg med arbeid kvar 6.
helg i langvakter. 
Vi tilbyr rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding for eksterne søkarar.


Om avdelinga

Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens.

Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg.
Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir.

Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette.

For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen.
Du vil også rettleie studentar, elevar, lærlingar og kollegaer. 


Kompetansekrav

Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta.
God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag.
Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.


Kven er du?

Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer.
Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre.
Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Årsturnus
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune


Alver kommune


Kvernhusmyrane 25
5914 Alver
Norge
webbsida: alver.kommune.no
antal lediga platser: 3
publicerad: 2024-05-07
Sykepleier
Heltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262314
sista ansökningsdag: 2024-05-28
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se