ArbetsAnnonser.se

En mötesplats för möjligheter

Att hitta rätt karriärväg handlar om att utforska dina intressen, identifiera dina färdigheter och matcha dem med yrken som passar dig.

Lediga tjänster

Utforska de senaste möjligheterna från ledande arbetsgivare i Sverige

Helse Fonna HF
fulltime Sundhed, omsorg og personlig pleje
Operasjonssjukepleiar i Odda Operasjon, anestesi og sterilsentral, Odda sjukehus
Helse Fonna HF
Operasjonssjukepleiar i Odda Operasjon, anestesi og sterilsentral, Odda sjukehus

Job title
Operasjonssjukepleiar i Odda Operasjon, anestesi og sterilsentral, Odda sjukehus

Number of posts
1

Job description
Liten avdeling.
Stort ansvar.
Hardanger rett utanfor døra.

Vi søkjer operasjonssjukepleiar til eit 100 % vikariat ved Odda sjukehus, med moglegheit for fast tilsetjing.
Hos oss blir du del av eit lite og tett fagmiljø der operasjonssjukepleiarar og anestesisjukepleiarar jobbar mykje saman.
Du blir ein sentral del av operasjonsteamet, med varierte dagar, planlagde inngrep, akutte situasjonar og tett samarbeid med kirurgar og andre faggrupper.

Her er teamet lite nok til at du blir sett – og viktig nok til at kompetansen din betyr mykje.
Odda kan vere rett for deg som ønskjer rolegare omgjevnader, korte avstandar og natur rett utanfor døra.
Du har fjord, fjell, turar, ski, klatring og friluftsliv tett på.

Er du nysgjerrig på stillinga?
Ta gjerne kontakt med Beata Syska for ein uforpliktande prat om turnus, heimevakter, arbeidsmiljø og korleis det er å jobbe og leve i Odda.

Skills requirements:
Education, work experience,
Kva går jobben ut på?
Hos oss får du mellom anna jobbe med:
- operasjonssjukepleie ved generell kirurgi
language,
certificates etc.

- deltaking i operasjonsteam og traumeteam
- førebuing og gjennomføring av operative inngrep
- arbeid knytt til sterilsentralen
- fagutvikling, kvalitet og gode rutinar
- heimevakter som del av stillinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- vidareutdanning som operasjonssjukepleiar
- relevant erfaring som operasjonssjukepleiar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Søkjarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk må dokumentere
norskkunnskapar på minimum B2-nivå, dersom dei ikkje har fullført norskspråkleg
vidaregåande skule.

Det er ein fordel om du har erfaring frå sjukehus.

Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som trivst i operasjonssalen og likar ein arbeidskvardag der du må
vere både roleg, presis og klar for å snu deg raskt når situasjonen krev det.
Du må
vere trygg nok til å ta ansvar, spørje når du treng det og bidra til at teamet fungerer
godt.

Hos oss er det viktig at du:

- jobbar sjølvstendig når det trengst
- held oversikt og prioriterer godt når tempoet aukar
- samarbeider godt med ulike faggrupper
- trivst med å jobbe tett i team
- ser kva som må gjerast, og hjelper til der det trengst
- bidreg til eit arbeidsmiljø der folk støttar kvarandre
Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

- 100 % vikariat, med moglegheit for fast tilsetjing
- eit lite og tett fagmiljø
- nært samarbeid mellom operasjon, anestesi og sterilsentral
- fagleg påfyll gjennom kurs, øvingar og opplæring
- ein arbeidsplass der du blir sett og har ei viktig rolle
- kollegaer som bryr seg om kvarandre, både i og utanfor operasjonssalen
- årsturnus der vi så langt det er mogleg tek omsyn til ønske
- varierte arbeidsdagar med både planlagde inngrep og akutte situasjonar
Stillinga inneber heimevakter.
Vi fortel deg gjerne meir om korleis ordninga fungerer i
praksis, slik at du veit kva det betyr før du bestemmer deg.

Place of work
Odda sjukehus, Odda, Noreg

Application

Last date of
application
10.08.2026
Norge
Publicerad: 09 juni 2026
Sygeplejerske
fulltime
Ansök senast 04 augusti 2026